Crohy Head Sea Arc i Donegal - Irland
Frå Maghera Beach til Crohy Head
Langs Donegal vest-kyst, vekslar det mellom ville klipper og store opne landskap. Innimellom det grøne landskapet, møte du havet med ein lang gul eller sølvfarga sandstrand. Den vakre stranda Maghera Beach ligger forann deg. Turen går langs www, eller Wild West Way (Wild Atlantic Way). Ei bilrute yst langs vestkysten av Irland. Her vil du møte eit landskap i stadig forandring.
Crohy Head
Turen skal ta oss ut til Crohy Head, til eit nytt spennande kystlandskap. Ei sjølinje som Atlanterhavet, gjennom årtider, har omgjort til eit trollandskap i sjøen.



Crohy Head
Vegen tar deg til mange plasser der du skuer ut mot det blå, endelause Atlanterhavet. I dag går vegen nordover frå Maghera Beach og til Crohy Head Sea Arc. Der Crohy Head Sea Arc er eit kjent landemerka og eit populært fotomotiv. Crohy Head, er ei halvøy ut mot Atlanterhavet. Her ligg den 25 meter høge Bristi Sea Stack, eller Crohy Head Sea Arc som den også kallast

Tur til Crohy Head
Crohy Head dukka opp midt rundt ein smal og svingete veg. Det er ingen parkering, eller tilrettelagt parkeringsplass. Parkerte bilen, godt ut i vegkanten, slik at den ikkje var til hindring. No var det ein bratt bakke ned til Crohy Head Sea Arc utsiktspunktet. Eit platå ca 50 meter over stranda. Her får du ei panoramautsikt over stranda og Crohy Head Sea Arc. Opp frå sjøen veks det opp statuer og støtter av stein i alle formasjonar. Brunfarga rullesteinar, dekker stranda. Eit Ringenes Herre univers.


Fotografering av Crohy Head Sea Arc
Nede på stranda bør du unngå høgvatn. No var det fortsatt lågvatn og i ein liten skrent, var det mogleg å klatre ned på stranda. Med fotobag og stativ, kom eg ned. Først var det små glattslipte rullesteinar, som skein og blinka i ettermiddagssola. Vidare måtte ein bevege seg på og mellom større steinar, utover mot sjøkanten. Bølgene slo innover høge steinar og skjær, Heile område var forma av 1000 års slitasje av havets bølgjekraft og erosjon. Fjellets raudbrune og gule farge lyser opp stranda. Det var motiv over alt, måtte bestemme meg før høgvatnet kom opp igjen.


Hvordan komme ned til Crohy Head Sea Arc
Dessutan var det sleipt og glatt. Ville nødig knuse fotoutstyr. Blei mange motiv av den 25 meter høge Crohy Head Sea Arc. Den er også eit attraktiv mål for klatring. Skal henge eit klatrerop der. Den første klatraren opp Crohy Head Sea Arc var 9. Juni i 2011. I dag er det tre ruter opp til toppen. To frå sjøsida av fjellet og ein på innsida av fjellet.

Gruvedrift
Fram til 1947 – har det vært aktiv gruvedrift her ute. Gruvedrift på talkum og kleberstein. Ein ser fortsatt gruveinngang i fjellet. Men fare for steinras og ikkje anbefalt å gå inn.
Gruvedrifta går langt tilbake, allereie i 1861blei det starta av Mineral Exploring Company frå Belfast.
Området er også kjent for eit rikt liv av sjøfuglar . Populær plass for fugleobservasjonar og fuglekikkar. Dette er spesielt om våren.


Napoleons vakttårn i Irland
Lenger oppe på platået, ligg også eit Napoleon vakttårn. Det var fare for at Napoleon ville invadere vestkysten av Irland. Slike tårn blei bygd langs kysten, på høge utsiktsplassar. Murane står, den dag i dag. Her står også eit vakttårn frå 2. verdskrig. 2 mann veksla på å holde vakt, døgnet rundt. Frå tårnet var oppsyn med både båt og flytrafikk. Vidare å melde frå til britiske militære.
Ireland var nøytral under andre verdskrig.

