Inch Levels Wildfowl Reserve

Fuglereservat på øya Inch i Donegal

Sangsvane
Inch Fuglereservat

Inch Fuglereservat

Ta ein fototur gjennom Irlands Donegal. Perfekt plan for ein naturfotograf. Som no på hausten, når  fjell-landskapet ligg i eit teppe av  rustraude fargar. Stadig vekslar det mellom skodde og mørke skyer,som smelter sammen med blå himmel. Ei stor glede og utfordring, til å fotografere i denne skiftande naturen. Både inne i landet og langs kysten. Men skulle gjerne hatt fleire fuglefoto. Ved kysten har det vært koloniar av tjeld, ringgås, skarv og lomvi. Men ein heil dag med fuglefoto, har det ikkje blitt tid til enno. Inch Fuglereservat dukka så opp. Eller Inch Wildfowl Reserve. Eg oppdaga fugle-reservatet tilfeldig, då eg var på besøk i Glenveagh National Park. Eit natur og visningssenter i Donegal og i nærleiken av fjellet Errigal og Lettekenny.Ved

Inch Fuglereservat
Inch Fuglereservat

Gleanveagh National Park

På veg nordover i Donegal, blei det eit stopp i Glenveagh National Park. Ein av dei store nasjonalparkane i Irland. Her ligg også eit stort og moderne visningssenter. Her  oppdaga eg fuglereservatet på Inch Island. På ein stor videoskjerm med introduksjon til Inch Levels Wildfowl Reserve. Dette måtte undersøkast nærmare. Fekk god informasjon av personale på Glenveagh National Park. Også veibeskrivelse til Inch

Storspove
Storspove
Sangsvane

Letterkenny i Donegal

Øya Inch ligg i nærleiken av byen Letterkenny. Då var det fram med gps og planlegge turen for neste dag. Starta tidleg på morgonen, med sol og vakker morgonstemning. Bilturen gjekk gjennom eit flott jordbruksområde. Elva Swilly, renn gjennom dalen, og mitt gjennom byen Letterkenny. Vidare ut i fjorden Lough Swilly. Byen Letterkenny er i dag den økonomiske motoren i Donegal. Den ligg nær opp til Nord Irland og byen Derry. Strategisk plassert for handel og samhandel med Nord Irland og Donegal.

Sangsvane
Sangsvane

Lough Swilly er ein fjord i Donegal

Letterkenny ligger innerst i fjorden Lough Swilly . Lough Swilly er ein brei og lang fjord. Høge fjell ute mot Atlanteren. Lenger innover er landskapet lavt, men med store delta og flate jordbruksområde. Alt utforma under siste istid.

Inch

Innerst i fjorden ligg øya Inch. Inch Fuglereservat eller Inch Levels Wildfowl Reserve. Eit område på over 8 km, som du kan spasere rundt. Det er lagt en demning, slik at en kan gå over på øya.  Lenger nord på Inch, er ei bru. Rundtur som tar deg tilbake til parkeringsplassen. Ein bør ta heile rundturen langs Inch. Du oppleve våtland på eine sida og fjorden med siv, vadestrender, små holmar og øyer på den andre sida av gangvegen.
Parkeringsplassen på Inch hadde god informasjon om fuglelivet og fotoskjul.

Inch Fuglereservat
Inch Fuglereservat
Inch Levels Wildfowl Reserve
Inch Levels Wildfowl Reserve

Inch Island

I vinterhalvåret er Inch Island fuglereservat, overvintring for hundrevis av grågås, knopp – og song svaner. Både på sjø og land var Inch fuglereservat eit eldorado, med store flokkar av ender, hegre, silkehegre, rødhodeand, svaner, skarv, kanadagås, heilo, storspove, vipe og mange småfugl.

Små øyer ute i fjorden, var stappfull av  vade fuglar av alle typar. Eit eldorado for store flokkar, der nokon tok ein liten blund. Medan andre leite etter mat i vadefjæra.

Ein slik tur rundt Inch Island, tok mest ein heil dag. Solskin og vakker natur i tillegg, som gjore Inch fuglereservat til noko stort.

Hegre
Hegre

Kongeørn

Til slutt, når eg kjørte ut av område, dukka sjølve kongeørna opp. Det var ein voksen fugl, med eit imponerande vengespenn. Hadde nok tatt eit bytte, og skulle nyta måltidet. Men kråka hadde andre planar. Dei samla seg rundt ørna. Til stor plage for ho som skulle ete i rod og fred. Det var dette eg venta på. At tolmodet til ørna tok slutt. Ørna tok til vengene, letta og steig høgt opp, før den drog innover i landskapet.

Både konge og havørn var heilt utrydda i Irland. Frå 2007 og utover, har det vært eit prosjekt med Norge , om å eksportere havørn og kongeørn til Irland. Prøve å bygge opp ei stamme. Det har tatt lang tid, og i starten var det stor dødelegheit. Sauebønder, fugleinfluensa og stormar, har våre ein stor fiende. Men dei siste åra, ser et ut som begge artene har etablert seg. Oppe i fjella, så eg både havørn og kongeørn.

 

Kongeørn
Kongeørn

Inch Island Fuglereservat

Inch Fuglereservat hadde alt. Vakker natur, fuglar av alle slag . Under fugletrekk er Inch ein samleplass for fuglar frå tre kontingent. Eit eldorado for fugleobservasjon.

Planen var å komme tilbake hit, tidleg ein morgon, men det blei for kort tid igjen av turen. Må nok planlegge for ein ny tur til Inch Fuglereservat.