Røldal -Suldal område

Turens utgangspunkt var Vågsli og Haukelifjellet. Men regn, vind og gråvær frista lite til ein topptur under slike forhold. Men yr.no kunne lova betre forhold på vestsida av fjellet. Heiv sykkelen inn i min Kia Soul og drog vestover. Ved hjelp av kart og god info på web, så fann eg her to flotte turer på anleggsveg innover i fjellet. Kjørte langs Røldal-vatnet på R13, ned til Nesflaten.
1 Tur til Finnabuvatnet
Parkerte ved butikken og på med hjelm og sykkel-klede. Tok til venstre etter flaten nede ved butikken og kom inn på ein smalere asfaltveg og rett på ein god stigning oppover dalen. Etterkvart gjekk vegen over i grusveg, god standard og jevn fin stigning langs ein djup dal.

Røldal – Suldal område

Ein passerte eit område med nokre gamle støler, før ein kom inn på ein bratt stigning og opp til første demning. No var ein oppe i eit nakent fjellområde, med lave grå skyer. Vegen gjekk vidare langs vatnet og fortsatt i et lett kupert terreng opp til neste demning. Nesflaten ligg på 88 moh og no er ein oppe i ca 900 moh ved Finnabuvatnet. Eit stort vatn, som strekker seg innover i fjellet. Den tørre sommeren, har medført låg vannstand og ei kraftig markering langs vatnet med 3 – 4 meters belte av lys grå farge.

På tur med terrengsykkel og fotoapparat

Opp til venstre ligg høge fjell, Finnabunuten og breen Breifonn, som ligg på ca 1600 moh. Med anna skotøy, skulle dette absolutt vært ein fin avstikker.
Turen ned igjen gjekk raskt, men kjentes godt i både bein og armer.

2 Tur til Havrevassdjuvet og Holmavatnet

Dag to gjentok seg med same veret på fjellet, så då gjentok eg turen til Nesflaten og ville prøve å sykle op til Holmevatnet, som ligg fleire mil inn i fjellet. Her ligg også turisthytta Holmedalshytta, som er ein populær turveg opp til Haukeliseter. Kjørte forbi kraftstasjonen og gjennom tunellen før eg parkerte bilen. Her var det vanskelig med å finne parkering. Anbefaler å heller parkere med butikken og starte sykkelturen der. Sykkelturen start med ein grusveg og litt bratte svinger oppover. Fin og brei vei, her kunne ein greit komme fram med bil også. Litt lenger inne i dalen begynte mange lang hårnålssvinger og ei vakker utsikten over dalen og vatnet nede ved Nesflaten. Vegen delte seg, ein inn vidare inn til Holmavatn og ein kort avstikker til Havrevassdjuvet. Sykla inn i djuvet, der vegen ente i ein tunell og kraftstasjon. Stupbratte og glatte fjellsider, med små bekker som kasta seg utfor kanten og ned langs store steinrøyser til bunnen av dalen eller djuvet. Kjørte tilbake til krysset og ny oppstigning på veg mot Holmavatn.

På veg mot Holmavatnet

Her fann ein mange fine utsiktspunkt utover dalen, som ein måtte stoppa og ta bilder av. Traff også bønder som var ute og samla saman saueflokker. Dei advarte mot kraftig vind, når eg kom lenger inn på fjellet. Eg fortsatte oppstigningen. Etter ein del lange motbakker og nokre bratte svinger, så kom eg opp på eit platå med lange vidder innover. Men vinden var kraftig her, ikkje noko som tok imot. Vind rett imot tok godt tak i sykkelen og han som sat oppå. Her var det vakre haustfarga langs myrer og mange småvatn innover. Ellers eit karrig landskap med ur og stein oppå blankslipte fjell. Avslutta turen med å ta ein del bilder. Men må nok gjera eit nytt forsøk på å komme inn til Holmavatnet.
Treng litt meir mat og drikke, då det er ein bra lang sykkeltur. Husk å ta med lykt, innerst ved vatnet er det ein tunell ein må gjennom.

3 Tur til Middyrvatnet på Haukelifjell

Dag tre, blei inn tur i bilen inn til Haukelitunellen, der eg parkerte bilen og tok sykkelen fatt. sykla oppover gamlevegn rundt tunellen og oppover mot Dyrskar.

Sykkeltur langs anleggsveg på Haukelifjell

Tok til høgre og starta turen innover ein gruslagt anleggsvei og innover ein dal, langs Middyrelva og oppover til toppen. Her kom ein inn i eit nytt dalføre. Reine månelandskapet, med stein på stein, ur på ur og grusvei som svinga seg innover i dalen, mot Middyrsvatnet og ei demning. Vatnet var delt i to – og vegen gjekk vidare innover. Nå var det ikkje mykje veg igjen – men sykkelen klarte seg fin på humpete steiner. Kjørte heilt til endes på vatnet, her var ei stor sandstrand. Var lav vannstand her også . Rett bak vatnet var ein lite skar, og her såg ein ned på E194 og Midtseter.
Kunne fortsatt med sykkelen ned dalen til hovudvegen, men eg tok same vegen tilbake. Ein terrengsykkel er lurt å ta med, når ein er i Haukelifjellet.

Leave a Reply

Your email address will not be published.