Trane og Songsvane på høgfjellet
Våren
Ein plass mellom vinter og vår på høgfjellet. Dagane blir lengre og lyset skaper nytt liv i naturen. På lauvtre sprett det fram nye knoppar og skudd. Men nettene er fortsatt kalde med fleire grade minus. Grytidlig soloppgang som bryt ned den kalde natta. Det sildrer i bekker. Snøen smelter. Isen på vatnet får store svarte flekker. Det er vatnet som bryter gjennom og isen blir grå i fargen. Det gror og sprett små busker opp av snøen,
https://usercontent.one/wp/blogg.ebfoto.no/wp-content/uploads/2024/05/20240426_135757.mp4
No er mange flyttfuglar tilbake i området sitt. Det kvitrar og syng i tretoppar. Tidleg morgon startar dei konkurranse med den finaste songen. Ein starta og litt lenger borte svara ein annan. Det er tid for å lytta til naturens vårsong.
Trane
Nede på isen spasere eit trane par. Brått kryssar ein rev vegen deira. Reven gler seg til eit traneegg, når våren kjem. Men no blir han lett jaga vekk. Etterpå forsyner tranen seg av små kryp i elvemunningen. Ei Trane treng mykje mat. Tranen har eit variert kosthald. Men for det meste er den planteetande. Men i periodar er kreps, fisk, smågnagar og snigel.
Songsvane og Trane
Songsvana kjem også fykane. Eller eit songsvane par. Dei glir ned på vassflata. Det er kamp om dei små isfrie områda, der isen smelter. Songsvane og trane går fint ilag. Dei et av det same matfatet. Mens reven lusker rundt etter matrester og kanskje mus og lemmen.
Ein morgon på høgfjellet
Slik var opplevinga denne helga, med planlagt skitur i høgfjellet. Siste dagar i April. Ute hadde det komt eit dryss av nysnø. Snøen malte vidda kritkvit igjen. Eit skieldorado, med perfekt føre og super gli. Lette skitak tok det gjennom skogen. Etter kvart kom sola gjennom det tynne skylaget. Spor av hare og rev. Dei kryssa gamle skispor innover i skogen. Att og fram dukka dei opp på nytt. Dyrespor gjennom natta, på leit etter mat. Eller på flukt frå fare. Du kan lese mykje ut av slike spor i snøen.
Våren på høgfjellet
Heilt oppe på vidda, ligg landskapet og badar i sol. Kvitt teppe så langt auga ser. Men i horisonten ruver spisse taggar opp. Det var slik ein morgon ein vakna av trane skrik. Litt etterpå songsvanene med sine trompet lyder. Men når sola stig, er både fuglane og lyden borte.