Rødstilk (Tringa totanus) Årets fugl 2022

Rødstilk, er ein vadefugl i vipefamilien

Rødstilk

Rødstilk er ein vadefugl, med lange raude bein, derav namnet. Den er brun og grå-spraglete. Langt raudt nebb. Den høyre med til snipefamilien. Den liknar litt på heilo i størrelse og utsjånad. Fuglen er ein langvegs trekkfugl, som kjem opp til Nord-Europa og hekker.

Rødstilk
Rødstilk , ein vadefugl i Vipefamilien

Ein fugl i vadefamilien

Overvintring finn stad langs Afrikas kystar, India og Sør-Asia. Her i Norge, oppheld den seg i det meste av landet, frå sør til nord.  Den held ofte til i myrområde, både i lågland og til fjells. I våtmarksområde finn dei maten sin, som insekt, larver, makk og blautdyr.

Reirplass og ruging.

Fuglane kjem ofte tilbake til same reirplass. Dei brukar ikkje å lage eige territoriet og reira kan ofte ligge tett. Reiret lagar dei rett på bakken, i ei grastuve, eller grop. Hoa legger fire gulbrune egg, som begge foreldra byttes om å ruge på. Det tar omtrent 24 dagar og klekke ut. Så snart dei er tørre, går dei ut av reiret. Dei klarar også å finne mykje av maten sjølv, allereie som nyfødde. Og etter ca fire veke kan dei fyka.

Rødstilk
Årets fugl 2022

Trekkfugl 

Dei overvintrar i Asia og Vest-Afrika, langs kysten. Det ser ut som fuglane som er lengst nord, drar lengst sør, når dei skal overvintre. Dette kallas for overhopps trekk. Det tyder på at at dei nordlegaste fuglane, kjem til område som allereie er okkuper av rødstilk. Så må dei dra vidare for å finne nye område lenger sør. Fuglekoloni av rødstilk i England og Mellom-Europa , held seg på same plassen om vinteren også.

 

Fuglen har ein kraftig og spesiell lyd. Har dei ungar og reir, så blir lyden enno kraftigare. Dei prøvar å lokke farar vekk frå reirplassen og åtvara fugleungane, slik at dei kan gøyma seg  . Då sit den ofte i toppen av eit tre, eller ein påle og varslar make og ungar om fare. Med eit reir, liggande på bakken, så er dei nok svært utsett for rovfugl og rovdyr.

Rødstilk

One thought on “Rødstilk (Tringa totanus) Årets fugl 2022

Comments are closed.