Kråka (Corvus cornix), ein viktig aktør i vår natur.
Kråka er ein av verdast smartaste fuglar.
I forhold til kroppens størrelse har den stor hjerne. Fuglen er smart, kan lage lure løysingar på vanskelege oppgåve. Kråka er monogame og dei held saman heile livet. Dei leve også i mindre gruppe eller flokkar, som ein nær familie. Mange meiner at denne flokk mentaliteten har gjort at kunnskap har blitt vidareført til ny generasjonar.
.
Kråka har ei grå og svart fjørdrakt. Hovudet, stjert og vengene er svarte. Resten av fjørdrakta er grå.
Men dei har også ein stor trong til å stele og bruk av utspekulerte hevn. Så det er viktig å vere på godfot med kråka. Den kan også kjenne igjen personar. Dette ut frå ansiktsforma, som dei på ein måte memorera. Så ikkje enkelt å lure seg unna her.
Kråketing.
Om kveldane samlar kråka seg i store flokkar, særleg i byar og tettstadar. I Nygårdsparken i Bergen, samlar dei seg i dei store park-trea, når mørke sig på. Dei lagar ofte eit fela leven og er urolege. Ser ut som enkelte av dei bytter plass, heile tida. Nokre flyg vekk og kjem tilbake på ei anna grein. Kanskje dei utvekslar informasjon kor det er best å hente mat, kva som har skjedd om dagen. For etter ei stund, splittar dei opp i mindre flokkar og finn seg eit tre for natta. Dei er nok også tryggare når dei opptrer i flokk. Lettare og verna seg mot fiendar. Dei har større rovfuglar som fiende.
Kommunikasjon
Neste morgon, så er det «på an igjen» Store flokkar som lettar og bevegar seg ut av parken. Dei samlar seg igjen i mindre gruppe. Først om morgonen held dei seg rundt Løvstakken og andre skogsområde, før dei seinare tar turen utover mot havgapet, eller innover rundt fjella. Mens nokre held seg i sentrum og plukkar boss og finn matrestar. Dei hamstrar også mat. Skjuler det i plen, hulrom i tre eller andre plassar. Dette er plassar dei huskar og kan hente maten seinare.
Men utanfor tettstadar er kråka er ein forsiktig, avventande og mistenksam jeger. Legg du ut mat, så tar det lang tid før kråka slår til. Den som oppdaga maten, rapportere til dei andre, med kraftige lyd. Då kjem det straks fleire kråke, men held god avstand samtidig som dei er heilt stille. Dei set ofte stille for å observere område mot fare. Er det ein fare blir det rapportert med tre kraftige skrik. Sjølv om andre åtselfuglar allereie er i maten, så held kråka seg unna lenge, men kjem sakte nærmare målet, når det ser trykt ut.
Levemåte
Kråkeparet bygger reir tidleg på våren. Reir av tørre kvistar. Dei brukar jord og leire innvendig som dekkes med gras og måse. Dei legg ca 4-5 blågrøne egg. Hoa ruger åleine i 17-19 døgn. Hannen kjem med mat og begge er delaktig med å hente mat til dei nyfødde. Dei matast også etter at dei er ute av reiret, i ein lang periode.
Ved hjelp av eit fotoskjul, kan ein observera og studere kråka sin veremåte og oppførsel, over lengre tid. Det er stor forskjell på ei bykråke og dei som held til i villmarka. Ei kråke i tettbygd område, er nærmast tamme. Du kan gå heil inntil, utan at dei reagera. Mens her inne ved fotoskjulet ,er kråka ein forsiktig og alltid skeptisk fugl. Det tok lang tid før den nærma seg foringsplassen.