Luster Sanatorium

Luster Sanatorium, Harastølen

Sanatoriet sto ferdig og blei åpna i 1902. Eit sanatorium for pasienter med tuberkulose. St. Jørgens Hospital, som i dag er Lepramuseet i Bergen – finansierte det meste av bygget. Det var ingen medisinsk kur for tuberkulose i den tida. Tørt klima, fjelluft og furuskog meinte ein skulle vera godt for helbredelse. I tillegg til feit mat og mjelk.

Daniel Cornelius Armauer Hansen

Sønn av Gerhard Armauer Hansen, Daniel Cornelius Armauer Hansen som også var lege, hadde reist rundt i forskjellige land i Europa for å få kunnskap om korleis dei jobba med helbredelse av tuberkulose. Ut fra denne kunnskap var det Harastølen og Luster i Sogn som blei valgt ut. Ein veg opp der blei bygd, den var på 7 km og hadde 13 hårnålssvinger. Det blei også bygd ein taubane frå dampskipskaien og opp. Her var også tilgang på vannkraft og her blei ein av dei første private vannturbinane i Norge bygd.
På grunn av smittefaren, blei det etter kvart eit isolert og sjølvforsynt samfunn, på eit platå 500 meter over Luster, med utsikt over heile fjorden.

Luster Sanatorium og ca 100 år mellom desse to bildene

Rødekors søster Malene Sunde

Røde Kors søster Malene Sunde, var med fra oppstart og arbeidet det meste av sitt yrkesliv her inn, ho var søster av min mormor, Anna Louise Sunde Hjertnes. Eg fekk tilgang til bygningane for å sjå og fotografere plassen. Bygningsmasse som var i sterkt forfall etter å ha stått ubrukt i mange år, var no i fare for å bli revet. Kom opp der, ein ettermiddag i juli, klar blå himmel og speilblank fjord. Måtte gå litt rundt på område for å få best inntrykk og forestille seg det livet som må ha vært her oppe, eit isolert samfunn, der ein produserte det meste av maten sjølv.

Harastølen i Luster

Ein stor driftsbygning for griser. Bøndene i Luster levert mjelk, som blei tatt opp av taubanen. Mange stier rundt i skogen, då frisk luft og mosjon var viktig. Det første bygningen som vakte min interesse, var eit lite rødt hus omgitt av småskog. Dette var kapell og likhus.
Kapell – som også var ibruk som likhus

Denne elva gav strøm til Sanatoriet
Turbinrommet – ein av dei førsrte private vannturbinane i Norge
Direktørbolig ca 1920 – Kanskje direktøren med eit barn på armen.
Dei hadde også skule får barna til dei ansatte, her oppe.
Slik ser den ut idag, i brukbar stand. Det blei også bygd eigen bolig til sjukepleiere.

Med stativ og kamera, gjekk eg fra rom til rom – rar følelse, her var det mange som aldri fekk reist heim igjen.Mange fekk sin siste velsignelse på skriftestolen opp i øverste etasje. Når det nærmet seg slutten, var det nok mange som fekk prestens velsignelse ved denne stolen.
EI tom seng i eit rom som lenge har stått tomt. Etter andre verdenskrig kom redninga, under krigen blei medikamentet streptomycin utvikla, dette viste seg å helbreda tuberkulosen og etter ein del år blei sjukdommen utrydda.Ein av tre trappeoppganger, i fin marmor og smijerns-gelender. Bygget har preg av godt og solid handtverk og flott arkitektur.

Eit gammelt vintermotiv av bygningen, når du kjem opp vegen og møter Luster Sanatorium. Var denne veien pasientene kom. Men det taubanen var også ibruk for person (ansatte) transport.

I eit samfunn som dette, var det tannlege, lege, sjukepleiere, gårdsarbeidere, kokk, vaktmester, elektrikker, skomaker, alt som skulle til for å drive dette isolerte samfunnet som tuberkulose pasienter blei sendt til.


Kjelleren med forfall var eit eldorado å kunne bruke kamera på. Slik ser bygningen ut idag, deler av taket lekker og rast sammen. Dei fleste av vindaugo knuste, murpuss vekke. Slik såg bygningen ut, når den var nytt. Kanskje eit av dei dyraste bygg som er reist i Norge. I 1902 kosta det eit statsbudsjett å få satt opp bygget. Denne plassen har ein kraftig historie, som er verd å ta vare på sjølv om det vil koste mykje.

Leave a Reply

Your email address will not be published.