Valdresflya

Valdresflya

Valdresflya og sesongens siste langhelg på ski. Skarp blå kveldshimmel og små tåkeflak møtte oss når vi kom opp på vidda. Så var det å komme i orden på hytta, fyre i ovnen og klargjera for tidleg skitur i «nypreppa» løype neste dag.

Tømmerhytta på Valdreflya

Først ein god frukost, men nykokte egg og så rett i løyene. -6 grade og vindstille. Starta med skøyteski – Tungt den første runde, men så gjekk det bedre og bedre. Så stille og sol som varmte i ryggen, ein perfekt start. Hadde også ein kveldstur i same fine forhold, gjekk like til sola blei erstatt av ein vakker fullmåne.Neste dag var same værforhold, men litt tåke på toppen tidleg om morgonen, men den forsvann fort. Mange la også ut for toppturer, her kommer du over 2000 moh, så praktfull utsikt over JotunheimenNede ved Bygdin, låg turbåten godt på land og venta på at isen skulle forsvinne.

Bygdin

Turen avslutta 1. mai, med litt snø og vind. Men blei ein frisk skitur også den dagen, før vi satte oss i bilen og drog på veg heim. Beitostølen og Valdresflya er eit skattekammer for fine naturopplevelser.