Ein skitur til Sulebu og Suletind inne i Skarvheimen
Skarvheimen
Denne helga var planen vår ein skitur i Skarvheimen. Skarvheimen er det fjellområde som ligg mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Eit stort fjellområde som grenser til fylka Innlandet, Viken og Vestland. Tidlegare var dette kalla for Norfjella. Men i 1995, fekk området eit nytt namn, etter ei avstemming i NRK. Både Hallingskarvet og Reineskarvet ligg i området. Dette var nok logikken til det nye navnet blei Skarvheimen. Eller kanskje det kan ha samanheng med fuglen skarv ?. Dei siste år har skarven trekt seg lenger opp i innlandet. Om våren går det ei trekk frå Austlandet til Trøndelag. Då har dei stopp i fjellvatna, som kan ha rikeleg mengde av aura. Det same trekket skjer også om hausten. Men det mest naturlege for ordet skarv i desse fjella, kjem kanskje av ordet fjellskarv – som er eit alternativ namn for fjellrype.
Skarv
Ordet skarv stammer frå det norrøne uttrykket skarfr – Dette er eit lydord, som ein meina betyr nakent fjell. Og det skulle passe for ei beskriving av Hallingskarvet og Reineskarvet.
Skarvheimen
Området ligg som ein sirkel, frå Vangsmjøsa og langs E16 og vestover mot Aurlandsdalen og opp mot Finse. Tilbake mot Geilo og Gol og sirkelen sluttar ved Vangsmjøsa. Her ligg det eit uttal av DNT hyttar og mange fine turalternativ, både sommar og vinter.
Start ved Filefjell Skisenter
Den enklaste måten å nå Sulebu, både sommar og vinter, er med start frå Filefjell Skisenter. Om vinteren kjøre dei også skispor opp til Sulebu og rundt Suletind, om forholda tillèt dette.
Ein fin dagstur i Skarvheimen og Sulebu, 1325 moh
No, ein laurdag i slutten av mars, skein sola frå ein skyfri himmel. Litt vind var det, men med ein temperatur på eit par minusgrader, så var dette ingen problem. I åtte-tida om morgonen, var bilen parkert ved skianlegget på Filefjell, alt før løypemaskinen hadde starta. Perfekt vær for tur til Sulebu. Når løypemaskina kom, så kjørte den frå Nystølen og rundt vatnet. Men det gav oss nytråkka løype og vind i ryggen frå skianlegget på Filefjell. Ein rundtur rundt vatnet gav oss nesten ei mil lengre tur. Planen var å gå rundturen rundt vatnet, og ta opp den enklaste løype mot fjellet. Det blei ein fin tur rundt Ortrøvatnet og ved Børrelia hadde løypemaskinen tatt turen oppover mot Sulebu. Det var dette vi hadde håpa på, så absolutt ein perfekt start for dagen tur.
Vi gjekk på våre langrennsski med felle (Fisher og Atomic). Det var hard og litt isete løype, men med feller, fekk ein godt grep. Utanfor løypene var det har skare.
Skitur mot Sulebu i Skarvheimen
Vi kom opp til Tenlefjorden – der løypa delte seg. Her var det to vegar mot Sulebu. Vi tok den nordlege traseen. Fint terreng, med lange lette stigningar innover i fjellet. Snart kom ein opp til eit nytt platå, ein står flate innover med Suletind. Der reiste fjellet seg opp i landskapet, som ein pyramide. Snart såg ein også Sulebu, med tre små hus, som låg under det majestetiske fjellet og bada seg i solljoset. Vakkert og postkort, med kvite vidder så langt ein såg.
Fjellet Suletind i Skjervheimen
Suletind ligg på 1325 moh- sjølvbetjent DNT hytte. Vi skulle tilbake til bilen, så ingen overnatting denne gongen. Tilbaketuren gjekk på ei rundløype. Lett og stake seg bortover, med vinden i ryggen. Og i tillegg kunne nyta den vakre naturen rundt deg. Det var skarpt føre og tilbaketuren gjekk raskt .Sjølve nedkjøringa til Ortrøvatnet gjekk greitt, utan knall og fall.
Det blei ingen tur opp til Suletind, det for ein ha til gode ein annan gong, då kanskje til fots.