Det begynner å bli haust i fjellet. Kjøligare luft om natta. Doggvått om morgonen, med lette skoddedottar nede rundt myrer og skogsvatn. Men når sola får jobba litt, stig varmen innover skogen. Kanskje blir det litt ekstra vindtrekk, før jorda er varma opp av solstrålane. På tide med ein fjelltur.
Fjelltur i perfekt turvêr
Etter ein lengre godvêrsperiode, er det også tørt og lett å gå i terrenget. Luft er også klarere, og gjev god sikt utover landskapet.
Fjelltur i vakker natur
Ein slik dag er ein på veg oppover til Daurmålseggi og Kråkenosi. Dagens fjelltur startar med ein fin skogsveg, som tar deg raskt oppover. Brått minka det på lauvskogen og ein er alt over tregrensa. Under ligg fjorden som eit speil. Dei snøkvite fjelltoppane på rad og rekke utover, så langt auga rekk. Nokre lave kvite skoddeskyer som siger innover fjorden. Denne utsikta kan du følgja vidare oppover ein lang og smal rygg, som tar deg til topps. Når du kjem høgt nok opp, ser ein eit heilt nytt landskap på andre sia av fjellryggen. Store flater med furuskog og store vatn. Lenger ute skimtar ein også fjorden ut mot havgapet.
Gjøna – og Tveitakvitingen
Når ein er oppe på fjelltoppen , så smaker det med ein god matpakken og drikke. Her lyt ein ta inn over seg det storslåtte landskapet. Planen med fjellturen tar meg vidare innover på eit flatt platå, med småvatnet og litt myrgrass. Her oppe på 800 moh, har den raudgule haustfargen av lyng og gras tatt over. Lenger bak ruvar høge fjell med toppar opp mot 1300 moh. I det gråe fjellet ser ein tydleg skarp kontur og sprekkar oppover fjellsida. Små skoddeskyer sig sakte over dei to store fjelltoppane. Dei ligg på kvar si side av eit stort juv. Herifrå ser dei ut som to tvillingfjell. Lik form, farge og størrelse.
Fjelltur til Kråkenosi
Kråkenosi er neste mål med fjellturen. Men ein må fortsette ned til ein djup dal, før det igjen er ein bratt oppstigning, mot ny fjelltopp på 800 moh. Halvegs opp, kjem ein inn på eit stort og flatt platå. Her ligg også fleire sel. Dei små bygningane er alle nymåla og oppussa. Nedanfor ligg eit par vakre vatn eller småtjørn. Den brune fargen er på veg til å ta over landskapet. Og i bakkant ruvar fjelltoppen, der stien går bratt oppover.
Fjelltur med panoramautsikt
Turen opp gjekk lett. Godt feste i lyng og gras. Eit vakkert utsyn frå toppen. Her var også ein lang rygg innover til neste topp, Tokefjell. Fleire små vatn innover, og ein fin saue-sti innover mot neste topp. Her kan ein også fortsette opp mot Kvamskogen og Tveitakvitingen. Men min tur gjekk no tilbake ned til bilen. Tok meg god tid rundt Akssete , og fekk det meste ut av ettermiddagen og kvelden. Ein fjelltur full med panoramautsikt mest heile vegen.
This website uses cookies to improve your experience. We'll assume you're ok with this, but you can opt-out if you wish. Cookie settingsACCEPT
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.