Ærfugl på Vestlandet
Ærfugl langs Vestlandske fjordar
På landsbasis har det vært ein stor nedgang av Ærfugl, de isiste åra. Den gamle mytiske fuglen, som alt frå gamal viking tid, er nemnt i historien. I den tida var egg og dun ei viktig handelsvare. Fuglen var nærmast å rekna som eit «husdyr». Også ordet ærfugl stammer frå norrønt. Og dette ordet er eksportert til både tysk og engelsk språk (eider) . Ærfugl høyrer til i andefamilien. Eller til kystbundne dykkande sjøfuglar. Når den dykkar etter mat, kan den gå ned til ca 40 meter. Då bruker dei både venge og bein under dykk.
Ærfugl hann
Hannen, som ofte i fuglerike, er den mest fargerike. Den er svart på undersida og kvit på ryggen. På hovudet er den både svart , kvit og grøn. Hoa er litt mindre enn hannen. Ho er brunspraglete over det heile. Begge har kraftig og langt nebb. Særtrekket til ærfugl er profilen av hovudet, den er som ein kile. Ein kraftig kjeve og nebb, saman med ein spesialutvikla muskelmage, knuser maten til små, små delar. Nesten til størrelse som sandkorn. Ærfugl lever i hovudsak av blåskjell og muslingar. Den hentar maten som regel på grunt vatn. Ofte heilt oppe i fjæra.
Ærfugl i flokk
Ærfuglen held saman i store flokkar, eller koloniar. Ofte i flokkar på 20-30 fugl. Ser ut som dei jobbar på kommando. Når ein fugl dykkar, så følgje alle dei andre etter. Kanskje dei samarbeider under vatn, for å fange maten? Ofte etter eit dykk, så «tørkar» dei seg, ved å reise seg opp i vatnet og slå med vengene. Etterpå rensar dei fjæra-drakta med nebbet. Lufter og dytter fjærene på plass igjen.
Ungar og hekking
Ærfuglen hekker langs kysten og innover i fjordane, også her på Vestlandet. I sommar har det vært ein stor koloni i dette området heile sommaren. Ein slik stor flokk har eg ikkje sett tidlegare i dette området. I juli månad har flokken væt her fleire gonger for dagen. Dei tar for seg heile bukta på ein 2-300 meter og så drar dei ut på fjorden og ligg der. Dette gjentar seg som faste intervall, heil dagen. Ofte kjem dei tilbake tidleg om morgonen og like til seint på kveld før dei trekk seg tilbake. I denne perioden juli -september, så kan dei ikkje fly. Dei fell fjær på vengene. Ein kallar det myting og for myting-perioden. Dei yttarste vengefjærene skiftes og før nye veks ut, så kan dei ikkje letta. Dei nærmast spring bortetter vatnet, når dei er skremt og må flykte.
Skifter fjær og nytt dun
Når hoa legg egg, reiser hann-fuglen lenger ut mot kysten og held seg der i ein lang periode. Dei er ikkje med på oppfostring av ungane. No skifter hannen fjær og den fine fargen forsvinner. No får dei ei gråsvart drakt, som varer til ut på hausten. Når ungane er flygedyktig samlast heile flokken igjen. Dei ungane som veks opp, er både hann og ho fugl, lik på mora. Etter kvart blir hannfuglen litt meir kvitspraglete og får ein kvit flekk på hals/bryst. Den går bort mot fire år, før dei får den kvite/svarte fargen som hann fuglen har.
Kan tyde på at ærfugl-bestanden her inne i fjordane og på Vestlandet er i vekst. Det tyder på at bestanden av kreps og blåskjel er god. I tillegg klarer fuglen og verna seg mot sine verste fiendar. Ørnebestanden i dette område er også i stor framvekst, men kanskje den har nok tilgang på fisk, og prioritere det. Ser også at ørna forsyna seg i måse koloniar. Men kråke og måse samlar seg fort og jagar ørna.
Mens i andre område langs kysten, slit ærfugl-bestanden for å overleva. Særleg alvorleg er det langs Oslofjorden og på Sørlandet. I vår var det mykje død og utsvelta fugl i dette området. Tyder på mangel av mat i Oslofjorden og nærliggande område. Også i Nord-Norge har bestanden gått ned. Fuglen er nok sårbar for endringar i temperatur, økologi og forureining, når den lever så nært land. Det meste av maten finn dei frå fjæresteinar til ca 10 meters djup. Om vinteren, samlast dei i store flokkar, opp mot hundre fugl.