Fjelltur til Gygrastol

Tur til fjellet Gygrastol i Kvinnherad kommune.

Her på Vestlandet, har sommaren komt tilbake. I slutten av august, ligg temperaturen fortsatt rett under 20 grader. Og som ekstra bonus, er den klare haustlufta, som er på veg innover fjorden. Litt nordavind hjelper på. Men sjølv nordleg trekk, så har fjorden lagt som ein spegel. Grupper av fuglar samlar seg, no på veg sørover. Men med det fine været, lar dei det dryge litt. Grågåsa samlar seg i plog, høgt oppe i det blå. Det ser ut som dei øver seg og lærar opp dei unge i flokken.

Ikkje berre er det vakkert om dagen, kveldane byr på enno meir. Eit fargespel i skyene, som overgår alt du har sett. Berre å komma seg ut med kamera. Både morgon og kveld er lyset verd å fanga i kamera. Dessutan veit ein at slike gode værforhold ikkje vil vare så lenge, her på Vestlandet. Så ein god fjelltur hadde vært tingen no.

Då kom forslaget om Gygrastol i Kvinnherad opp. Ein av dei høge toppane i Kvinnherad, på 1339 moh. Kun ein kort tur over med ferga frå Gjermundshamn til Årsnes. Gygrastol  ligg mellom Ænesdalen og Furubergdalen, eit kvarters kjøretur frå ferjeleie på Årsnes og innover fjorden.

Varaldsøy

Sagna om Gygrastol

Navnet Gyrastol kjem frå eit gammalt sagn i folketrua. Gyger er frå norrøn mytologi. Dei er kvinneleg representant frå jotene, eller jotunslekta. Dei skulle ha ein enorm størrelse. Men også vakre og kløktige damer.

Men i folketrua, blir dei framstilt som svære kvinnelege troll. Dei heldt til inne i store skogar, eller langt oppe i fjellet. I denne folketrua skal dei også ha stort hat til kristendommen og til kyrkjer. I mange fortellingar, kasta dei store steinblokkar etter slike byggverk.

Sagna rundt Gygrastol, fortel om ei Gygra som budde opp i dette fjellet. Ho ville dra Varaldsøy inn til Ænes. Ho ville stenga folka frå Mauranger, ute frå omverda. Beskytta dei frå dårleg påverknad. Ho tok eit godt tak i ein fjelltopp på Varaldsøy og drog til. Litt for sterk var ho. Eit stort stykke fjell løsna og datt ned i fjorden. Detter er i dag øya som heite Silda. Når taket glapp, så datt ho tilbake og laga ei svær og djup grop i fjellet. Det er denne gropa som er Gygrastol. Men no er dette blitt navnet på heile fjellet.

Gygra gav ikkje opp. Ho blei sint og ville no kasta seg i fjorden, for å blokkera innløpet til Mauranger. Men fjorden var for djup, og ho drukna. Plassen ho kasta seg utfor, heite i dag Skårberg. Og løpet inn til Mauranger låg fortsatt fritt. Dette for vi sjekke neste gong vi reiser innover!

Turen opp frå Ænes kyrkje

Om morgonen var det vindstille, doggfriskt etter ei kjøligare natt. Yr fortalte at sola skulle dukke opp komme fram snart. No var vi alt framme på parkeringsplassen, oppe ved den flotte steinkjyrkja på Ænes. Herfra er det ca 1300 meter med stigning opp til toppen. Fjelltoppen består av to små tinder som stikker opp. Ein må ha tau og klatre for å ta seg opp på den andre toppen. Men det blir ikkje aktuelt på denne turen.

No kom sola fram, og vi starta innover traktorvegen og opp i skogen. Inn i ein vakker og stor furuskog, når vi tok av frå skogsvegen. Grei sti, men no auka stigninga og pulsen steig. Men slik eg huskar, så er det mykje jamn stigning heile vegen mot toppen.

Det tok ikkje så lang tid før terrenget endra seg. Brått var vi over furuskogen og nytt terreng kom fram. Blankt skarv, litt stein mellom måse og gras. Skulle tru ein no kom inn eit belte med fjellbjørk. Men ingen bjørk å sjå i heile område. Kanskje for røft klima her oppe. Lite vegitasjon, men vakker utsikt over Ænes, Varaldsøy og Hardangerfjorden.

Gygrastol

No var vi oppe ved steinmuren, som danna stolen i Gygrastol. Ein 30 – 40 meter høg steindemning, låg mellom venstre og høgre side av fjellet. Kunne tru den var menneskelaga. Stein på stein, nede i bunnen rant ein liten bekk gjennom muren. På toppen ein fin flate, med gras og måse mellom steinane.

No var vi komt over til venstre sida av fjellet, og stigninga oppover mot toppen byrja. Følgde ein fin kløft oppover, til vi nådde kanten og stupet, rett ned i Maurangerfjorden. No gjekk stien rett austover, langs ein kam. Her var det kunn stein. Store fine steinblokker, som om dei var skåre ut av fjellet. Enkelte plasser glitra kvartsen mot deg. Her var vi oppe i små skoddedottar, men fortsatt ei magisk utsikt over Hardangerfjorden. Ja ein såg heilt ut mot Marsteinen og fjella rundt Kvamskogen.

Framover, gjennom tåka, var det ørken, stein og månelandskap. Mystisk og vakkert i det grå lyset frå skodda. Vi kom høgare og høgare, men fortsatt såg vi ikkje dei to spisse toppane. Vi håpte på litt vind for å løysa opp skyene. Men no såg det ut som sola skulle klare å bryte igjennom. Og brått dukka to spisse, bratte fjelltoppar opp, inne i skodda. Det var eit vakkert syn og kanskje skodda gjorde dei enno større og nærmare. No klarte sola og lyse opp meir, og konturen av fjellet kom fint fram. Til høgre såg vi rett ned fjellsida og ned i stolen. Nokre små klattar med snø låg igjen her og der. Nå såg vi eit par hundre meter rett ned, der vi tidligare hadde gått over murkanten. Og bakom, åpna eit grønt og blått fjordlandskap seg. Kvite fine godværskyer viste seg mot ein elles klar og blå himmel. Eit vakkert syn. 

Gygrastol

Toppen

Så var det igjen å klatre, hoppe frå den eine kjempesteinen til de andre. Når vi nærma oss tappen var det ein store, lang steinørken som skulle forserast. Inne i skoddeheimen dukka delar av breen til Folgefonna opp, den låg ikkje langt vekke no. Mellom her og breen , skulle også Rosendals Alpene synast godt. Men litt for mykje tåke i dag ,dessverre. Men vestover letta skyene meir og meir. Blå himmel skimta ein mellom skyene som seig forbi toppen. Varden låg kunn 10 meter framfor oss, når vi kom over siste høgdepunktet. Eit dominerande steinlandskap, der fjellsida såg ut som den var bygd opp av steinblokker. Oppe ved varden såg ein rett ned på begge sider av fjellplatået, For å nå den andre høgda, måtte ein først klatre ned – og bruke klatreutstyr for å komme seg opp på neste. Men denne klatrekunnskapen mangla ein. Vindstill og fin temperatur, er nok ikkje vanleg, her oppe på ein forblåst topp. I dag måtte det nytast, med ei god medbrakt niste og drikke. Så stille og fredleg her på toppen. Då hasta det ikkje med å gå ned at. Men skodd innover mot Folgefonna blei liggande. Uansett, synet vestover var nok til å gjera turen perfekt.

Gygrastol