Jotunheimen og Leirvassbu
Jotunheimen og Leirvassbu
Er no på veg opp Sognefjellsvegen, etter ein ladestopp og herleg frukost på Turtagrø Hotell. Mett og god og bilen full av straum, går vegen vidare på F55 og opp til Sognefjellshytta. Den ligg på det høgaste punktet på Sognefjellsvegen, 1400 moh. Men her oppe var det dårleg sikt. Tåka låg tjukk nedover fjellsida og inne i tåka var det tett duskregn.
Krossbu Fjellstue
Så gjekk turen direkte vidare til Krossbu Fjellstue. Ei av turistforeiningas eldste hytter. Hadde tenkt og slå opp teltet og ta turen derfrå og opp mot Store Smørstabbtinden. Men i slik dårleg sikt, var dette lite aktuelt. Bestemte meg for å kjøre vidare nedover i Bøverdalen og ta inn Leirdalen. Der går det ein bom-veg inn til Leirvassbu Turisthytte.
Leirdalen
Det såg klart betre ut innover denne dalen. Der elva Leira, svinga seg innover i dalen. Små sideelvar kom ned frå dalsidene – spisse fjelltoppar skar seg gjennom tåka. Og ein kraftig haustfarge innover i botnen av morenedalen. I kontrast til blankskura fjellsider oppover mot kvite toppar. Ingen tvil, dette måtte vera ein perfekt plass for mange flotte turar.
Leirvassbu Fjellstue
Heilt innerst i dalen ligg Leirvassbu Fjellstue, vakkert til med fjelltoppen Kyrkja i bakgrunnen som speglar seg i Leirvatnet. Inne på Fjellstua, såg alt likt ut, slik eg huska det frå ein påsketur på 80-tallet. No smakte det med ein varm kopp kaffi og nysteikt vaffel med rømme. Det var stille og roleg her inne. Kunn nokre få gjestar som kom og gjekk. Fjellstova blei ein fin besøksplass den veka eg var her inne i Leirdalen. Her var fekk eg også mobil og WiFi tilgang.
Fototur
Slo opp teltet, mens det fortsatt var lyse dagen, så var og ta fotosekken på ryggen, og tid for å utforska område. Sjølv om skodda låg tjukk på toppane, var det mange fine sidedalar ein kunne besøkja, og som tok deg innover mot tjukke brearmar. Ein kom fort opp i steinur og lause steinar. Så ein måtte trø forsiktig. Det var også til tider sterke vindkast. Trong ikkje gå så langt opp, for å få ei magisk utsikt innover dalen.
Med kamera på tur
Men skodde og varierande lys opna også opp flotte fotomotiv innover i fjellheimen. Hadde turar både tidleg om morgonen og seint på kveld. Då blei det litt kvile mitt på dagen. Sterk vind jaga skodde og skyer innover i fjellet. Brått såg ein kunn nokre meter framfor seg. Så kom eit glimt av himmelen fram, lys og regnbuen kom gjennom skydekke og lyste opp dalen. Like fort var dei vekke igjen. Ein måtte ha kamera klart heile tida, her varierte motiva frå minutt til minutt.
Kyrkja og Stetinden
Det blei ingen topptur på Kyrkja eller Stetinden. Men eg fekk mykje variert ut av desse dagane likevel. Ein lang tur innover Gravdalen. Også ruta innover mot Olavsbu og Gjendebu, var ein flott naturoppleving. Så Leirvassbu, absolutt ein plass som må besøkjast fleire gonger: Men no, etter snart ei veke på tur, køyrte eg vidare nedover dalen og til Vågå.